Tredjeplass under FIG-konkurranse i Oslo

Edel Charlotte Eiken Fosse turna til ein tredjeplass i firekampen under årets andre FIG-konkurranse. Konkurransen var arrangert av Nordstrand Turnforening.

Edel Charlotte Eiken Fosse turna til ein tredjeplass i firekampen under FIG 2 i helga. Ho tok også tredjeplass i apparatfinalen i frittståande.   Foto: Vidar Fosse.

Sport

Eiken Fosse var tredje best i hopp med ein poengsum på 12,150. Også i frittståande var det berre to jenter som var betre, då Edel Charlotte turna til 11,500. I favorittøvinga skranke var det ingen som kunne hamle opp med Hødd-gymnasten, som fekk beste poengsum med 12,050, men i bommen fekk ikkje Edel Charlotte det heilt til og kom eit stykke bak dei beste. Totalt fekk ho 45,750 poeng i firekampen. Sara Davidsen frå Laksevåg TIL vann firekampen.

Resultata frå laurdag sørga for at Edel Charlotte var klar for apparatfinalar i to skranke og frittståande.

I skranke gjekk det ikkje vegen for Hødd-gymnasten, men i frittståande forbetra ho poengsummen sin frå firekampen og sikra seg ein tredjeplass med 11,950. Her var det Julianne Tøssebo frå Sotra som vann.

Vidar Fosse fortel at Edel Charlotte var småsjuk i veka før konkurransen.

– Dette i kombinasjon med at ho nettopp har starta på Ulstein Vidaregåande skule gjer at ho ikkje hadde det overskotet som trengst for å prestere heilt på topp. Likevel gjorde ho ei fin skrankeøving og oppnådde beste karakter av alle og karrierebeste med 12,05 i karakter, fortel Fosse.

Også Pernille Eiken Fosse deltok i juniorklassen denne helga.

– Ho gjorde fine øvingar i hopp, skranke og frittståande. I bom blei det dessverre tre fall med ny bomøving. Pernille blei nummer 17 i 4-kampen i juniorklassen. Ho oppnådde ny bestenotering i skranke med 9,25 i karakter, fortel Vidar Fosse.

NM neste

Neste konkurranse for Edel Charlotte Eiken Fosse er senior-NM som blir arrangert i Trondheim frå 21. til 23. september. Helga etterpå skal ho turne under World Challenger Cup i Paris.

– Resultatet frå NM avgjer om ho kvalifiserer seg til VM i Doha i slutten av oktober, fortel Vidar Fosse.

Han legg til at Edel Charlotte i november reiser til Nederland saman med det norske landslaget. Der skal dei har ein treningsleir saman med landslagsjenter frå Nederland.