Klart for naboduell på Hareid

Onsdag kveld møtest Hareid og Hødd i 3.-divisjon.

Hødd vann over Hareid på Høddvoll i vår. Onsdag er det Hareid som har heimebanefordel.  

Sport

Det var serieleiarane frå Hødd som var sterkast då laga møttest på Høddvoll 16. mai. Hareid kjempa godt, men Hødd vann til slutt 4-0.

Onsdag er det duka for ny duell mellom laga, då på Hareidsmyrane KGB.

Hødd kan vinne sin tiande strake kamp med siger over Hareid. Etter to uavgjort kampar i opninga av sesongen har Hødd vore feilfrie og det har også ført laget til topps i avdelinga. For Hødd vil 16 poeng på dei siste åtte kampane garantere at det blir opprykkskvalifisering.

Hareid er nede på ein sjuandeplass, men der dei fleste laga i avdelinga har spelt 11 kampar, har Hareid berre spelt åtte. Laget har dermed gode sjansar til å klatre nokre plassar med positive resultat i hengekampane.

Det blir spanande å sjå kva Hareid kan levere onsdag. Laget har nemleg berre spelt ein kamp denne hausten, der dei tapte 0-1 for Blindheim. Dette er einaste kampen laget har spelt sidan 30. mai.

Men onsdag er det endeleg kamp igjen, og med lokale lag på begge halvdelane blir det ein godbit i Hareidsmyrane.