Fortent bortesiger i lokaloppgjeret

Sport

Hødd kom best ut av kampen som vart spelt i eit valdsamt ruskever. Ein målsnik og eit nydeleg langskot var med på å gjere at dei tre poenga vart med heim til Ulsteinvik.

Hødd-dominans i 1. omgang

Kampen starta med litt god gamaldags ”Hawaii-fotball”, der laga verka smånervøse og gjorde ein del enkle feil. Det vart difor nokre moglegheiter for begge lag dei første 5 minutta, og det skulle ikkje ta lang tid før det første målet kom. Hødd-spiss Caroline Overvåg vart spelt fri på venstresida og åleine med keeper gjorde ho ingen feil! Sjølv om ho kom skrått på målet, fann ho kontant nettmaskene i lengste hjørne på typisk ”goalgetter”-vis.

Eit tidleg mål var akkurat det Hødd trengte for å få kampen inn i sitt spor. Dei kunne no halde mykje på ball, samstundes som Hareid måtte flytte laget høgare for å jakte utlikning. I det 25. minuttet fekk Therese Holstad skyte fritt frå omtrent 16-meteren. Skotet hadde ei svært god retning, men ho hadde ikkje centimeterane på si side og skotet gjekk stong-ut. Vidare var det Hødd som var det førande laget, sjølv om godt slåtte cornerar frå Hareid sin nummer 10, Cecilie Skeide, tidvis skapte trøbbel for bortelaget.

Ikkje lenge før pause skulle Hødd doble leiinga. Dei blåkvite fekk frispark på 30 meter og Ragnhild Ertesvåg skulle ta det. Ho slo eit svært presist innlegg som landa på pannebrasken til Overvåg som heada ballen over ein utrusande Hareid-keeper. Dermed hadde Hødd dobla leiinga si og gjekk til garderobane med ei svært god kjensle.

God Hareid-periode

2. omgangen fekk eit litt anna kampbilete enn den første. Hareid kom ut med større intensitet og glød i spelet, i motsetning til Hødd som verka litt daffare. Caroline Overvåg vart flytta ned som midtstoppar, noko som ikkje fungerte heilt som planlagt. Litt av trusselen på topp vart vekke, samstundes som ho ikkje er ein naturleg forsvarsspelar. Etter eit lite Hareid-press skulle dei endeleg få utteljing i det 75. minuttet. Elen Alme og Overvåg hamna i ein duell som Alme gjekk sigrande ut av, og ho kom dermed åleine med keeper. Dommaren kunne kanskje ha blåst av for frispark i duellen mellom dei to, men han valte å la spelet gå. Alme var sikker og kontant 1 mot 1, og sette den til høgre for Hødd-keeper Marianne Heggstad. Då vart det endeleg litt spenning i kampen igjen, i alle fall i nokre minutt.

Langskot ”drap” kampen

Berre tre minutt etter Hareid si redusering skulle kampen meir eller mindre verte avgjort. Anna Aahjem tok imot ballen på 25 meter på venstresida. Derfrå gjekk ho innover i bana og dundra ballen på vakkert vis i mål. Skotet gjekk over keeperen og under tverliggaren, noko som er ei god oppskrift for å score mål. Det stod dermed 1-3 og kampen hadde mista mesteparten av spenninga.

Nokre minutt seinare, nærmare bestemt i det 86. minuttet, fekk innbytar Thea Ertesvåg ballen ute på høgrekanten. Ho tok den med seg innover mot mål og sette den like greitt rett i ”kassa”. Eit bra skot sette punktum for kampen og siger til Hødd-damene.

- Ein fortent siger

Hødd sin kaptein og tomålsscorar, Caroline Overvåg, leverte alt i alt ein svært god kamp, og var essensiell for at det vart blåkvit-siger på denne septemberskvelden. Etter kampen sa ho følgjande: ”Eit valdsamt ruskever gjorde det vanskeleg for begge lag i dag, men eg tykkjer at vi var det beste laget og fortente sigeren. Vi spelte med god innsats og intensitet i kampen sett under eitt, og det er ei god kjensle å få med seg alle dei tre poenga i dag.”


Kampfakta:

3. divisjon

Hareid 1-4 Hødd (0-2)

Hareidsmyrane Stadion

Tilskodarar: Ca. 30

Dommar: Birger Elias Breivik, Volda Fotball


Mål: 0-1 Overvåg (6), 0-2 Overvåg (41), 1-2 Alme (75), 1-3 Aahjem (78), 1-4 Ertesvåg (86)


Hareid (4-1-2-1-2): Andrine Teigene – Silje Bjåstad, Ingvild Pedersen (K), Oda Johansen, Sigrid Pedersen – Kristin Marø – Hanna Grimstad, Cecilie Skeide – Shaajeena Jeyathas – Maria Hansen, Elen Alme

Innbytarar: Karina Larsen, Helene Kleppe, Runa Røyset, Gunhild Feiring, Adele Farstad


Hødd (4-4-2): Marianne Heggstad – Cecilia Bakke, Andrine Nevstad, Johanne Helvig, Madelen Gustavsen – Anna Aahjem, Ragnhild Ertesvåg, Lina Stave, Therese Holstad – Caroline Overvåg (K), Anna Thunem

Innbytarar: Ellen Aahjem, Thea Ertesvåg, Oline Sundgot, Anna Tødenes, Hannah Rekdal


*** Caroline Overvåg

** Ragnhild Ertesvåg

* Madelen Gustavsen