Før Hødd-Brattvåg:

– Klart eg heiar på Hødd

Søndag er det lokaloppgjer på Høddvoll når Brattvåg kjem på besøk. Dagleg leiar i Hødd, brattvågingen Oddmund Davik Otterlei, er klar på kven han skal heie på.

fast plass: Dagleg leiar i Hødd, Oddmund Davik Otterlei frå Brattvåg, har fast plass på hovudtribunen på Høddvoll. Søndag får han selskap av kona og eine dottera. – Familien er litt splitta, den andre dottera og sonen vår skal sitje på Brattvågsida saman med besteforeldra, fortel Otterlei. Han håper alle Hødd-tilhengarar kjenner si besøkstid og kjem på kampen. – Brattvåg mobiliserer og kjem nok med rundt 250 supporterar, seier han.   Foto: Linda Eikrem

Sport

– Hødd, heilt klart. Hjartet mitt ligg her, no. Når eg jobbar her og er så engasjert, så er det ikkje tvil heller, svarer Otterlei når Vikebladet Vestposten er i gang med eit «Kvar ligg hjartet ditt, Oddmund?»-intervju. Han har vore tilknytt Brattvåg IL heile livet og er no med som trenar for G11-laget. Men med «vi» og «oss» meiner han Hødd, og krev å bli trudd.