Ein treng ikkje bruke mange minutta for å sjå at slitasjen på dekket frå 2010 er betydeleg. Skøytane er i ferd med å gå frå kvarandre, nokre stadar er det tydelege humpar, medan det på andre er søkk i banen. Nokre stadar er deler av dekket slite vekk.
Fekk aldersdispensasjon
I utgangspunktet kan klubbane søkje om tippemidlar til rehabilitering av kunstgrasbaner kvart tiande år. Banen på Høddvoll er ikkje der endå, men anleggssjef Per Arve Moldskred fortel at Hødd i 2016 hadde besøk frå kretsen og NFF sitt anleggsutval og at Hødd har fått dispensasjon for tiårskravet.