Blåsarane mobiliserer før Hødd–Skeid:

– Støtt gutane

Hødd spelar søndag ein svært viktig kamp når serieleiarane frå Skeid kjem til Høddvoll. Blåsarane håpar laget får solid støtte frå tribuneplass.

Håpar mange møter på stadion: Roy Bikset er leiar i Blåsarane. Dei har kjøpt inn 100 billettar på ståtribunen som dei deler ut til folk som vil sjå Hødd - Skeid søndag. Foto: Linda Eikrem.  Foto: Linda Eikrem

Sport

Supporterklubben til Hødd gjer det dei kan for at dei blåkvite skal få solid støtte til sesongens nest-siste heimekamp. Før kampen mot Skeid har Blåsarane kjøpt inn 100 billettar på ståtribunen på Høddvoll og supporterklubben gir vekk desse gratis til folk som har lyst å kome på kamp.

– Der er det er førstemann til mølla. Vi ønskjer at det skal kome fleire på kamp. Dette er ein viktig kamp for Hødd og då er det veldig viktig at vi støttar dei, spesielt no når dei kjempar om opprykk. Då må vi få flest mogleg til å kome på kamp, fortel Roy Bikset, leiar i Blåsarane.

Spelarane set pris på støtta

Dei trufaste supporterane støttar opp om klubben på Høddvoll, men reiser også land og strand rundt for å sørge for at Hødd-spelarane får god støtte også på bortekampane.

– Vi var tre stykke som køyrde ned til Arendal i helga og vi ser jo kor kjekt spelarane synest det er at det kjem nokon på kampane deira og at dei set pris på støtta. Jo fleire som kjem på kampane, jo meir trykk kan vi lage og då er eg heilt sikker på at gutane leverer endå betre også, seier Bikset.

Borte mot Arendal vart det endeleg siger for Hødd, etter fem kampar på rad utan tre poeng. Avstanden opp til Skeid har blitt på heile åtte poeng, men Hødd knivar med Egersund om å sikre andreplassen i avdelinga, og med siger over Skeid søndag kan det også bli spenning rundt førsteplassen før dei siste seriekampane.

Blåsarane håpar at mange vil finne vegen til Høddvoll og gjere sitt for at det blir liv på tribunane til Hødd sine to siste heimekampar.

– Ein vel jo sjølve kva ein har lyst til, men vi meiner jo at ein bør støtte laget både i medgang og i motgang. Det kan vere mange årsaker til at folk ikkje kjem på kamp, men med søndagskamp no så bør dei fleste ha tid til ein tur på Høddvoll, spesielt no når det er ein så viktig kamp, fortel Blåsar-leiaren.

– Still opp

Bikset legg ikkje skjul på at det at Hødd spelar i 2.-divisjon truleg har ein del med dei søkkande tilskodartala på Høddvoll å gjere. Samstundes meiner han lokalmiljøet må støtte opp om klubben som kjempar om å kome seg tilbake til toppfotballen.

– Vi er på tur opp. Neste år er det 100-årsjubileum og det hadde vore supert om vi kunne fått opprykk og jubileum samstundes. Kjem folk på kamp i helga og får sjå eit Hødd-lag som durar på, så får dei også sjå kor viktig det er at publikum er der og støttar laget, heiar dei fram til siger, seier Bikset.

Oppmodinga frå supporterklubben er krystallklar:

– Still opp! Møt på kamp og støtt laget så mykje som du kan. Det er veldig godt mentalt for gutane å få det trykket på stadion. Det gjer at dei klarar å yte meir på banen, uansett kor slitne dei er. Vi må støtte dei uansett, slår Bikset fast.

Hødd har fire seriekampar igjen denne sesongen, heime mot Skeid og Kjelsås, samt bortekampar mot Fløy og Nardo. Før kampen mot Skeid har Hødd og Egersunds IK like mange poeng, men EIK har betre målforskjell enn dei blåkvite.

Det er berre førsteplassen i avdelinga som gir direkte opprykk, men andreplassen får spele kvalifisering mot det nest-beste laget i den andre 2.-divisjonsavdelinga. Vinnaren derfrå møter det 14.-plassen i Obosligaen til playoff om ein plass i neste års 1.-divisjon.

Eirik Haugan fekk sitt fjerde gule kort borte mot Arendal sist helg og er difor uaktuell til kampen mot Skeid.