Nominert til Utøvarprisen

Men denne gongen er det kanskje ikkje Karsten som er storfavortitt.

Karsten Warholm er ein av fem nominerte til årets utøvarpris.  

Sport

Som i 2017 er Karsten Warholm ein av dei nominerte til "Utøverprisen 2018" i Norsk Friidrett. Det er Nominasjonsutvalet ved Toril Petra Hatling Schønning, Ståle Jan Frøynes, Anne Brit Sandberg, Ronny Nilsen og Mathias Vangsnes som har kome fram til dei fem kandidatane.

Etter VM-gullet i London var Karsten Warholm den store favoritten og vann også prisen, der vinnaren er stemt fram av utøvarane sjølve.

I år kan det nok hende han må finne seg i å stille som utfordrar, for blant dei andre nominerte er mellom anna den dobbelte Europameisteren Jakob Ingebrigtsen.

Dei fem nominerte til Utøvarprisen 2018 er:

- Jakob Ingebrigtsen, Sandnes IL

- Henrik Ingebrigtsen, Sandnes IL

- Karsten Warholm, Dimna IL

- Sigrid Borge, Osterøy IL

- Sigrid Jervell Våg, IL BUL

Prisen blir delt ut under Friidrettsgallaen 3. november.