– Det vi gjer på slutten synest eg er veldig sterkt

Med sin andre 2–1 siger på rad ser det ut til at Hødd har snudd skuta etter ein dårleg periode. Kaptein Steffen Moltu meiner likevel at ein ikkje heilt skal friskmelde dei blåkvite.

Hødd-kaptein Steffen Moltu var godt fornøgd med måten Hødd avgjorde kampen på i sluttminutta. No handlar det berre om å vinne sesongens tre siste i serien.   Foto: Per Werkland

Sport

Sist snudde Hødd borte mot Arendal og søndag vart topplaget Skeid sendt heim poenglause i ein kamp der Oslo-laget ville ha sikra opprykket med siger. No er det framleis ei viss spenning i toppen av avdelinga.

– For andreplassen sin del så måtte vi har siger i dag. I førsteomgangen synest eg vi gjekk ut og tok tak i det, vi hadde full kontroll bakover og skaper litt framover. Vi kunne kanskje scora eitt mål til også. Skeid er eit bra lag, men skaper ikkje mykje på oss. Dei får eit frispark i farleg posisjon, men er litt heldige med at det blir mål. Etterpå så prøvar vi å ta tak i kampen og ballen igjen, utan å få det heilt til, men det vi gjer på slutten synest eg er veldig sterkt, seier Moltu.