Toppscoraren avgjorde med hælspark

HØDDVOLL: Ellevill avslutning sikra Hødd-siger på overtid.
Sport

Premisset var klart i god tid før kampstart på Høddvoll. Tre poeng til Skeid ville bety at Oslo-laget sikra direkte opprykk, men Hødd hadde sjansen til å minst utsette opprykksfeiringa med tre poeng mot Tom Nordlie sitt mannskap.

Med pyroeffektar frå Blåsarane og eit banner med teksten «la oss avslutte forrykande» var det også Hødd som ordna kampens første avslutning, då Steffen Moltu fekk hovudet på eit langt frispark frå Andreas Breimyr, men utan å sette keeper på prøve.