Hødd utsette opprykksfesten

Slik gjekk det i den 23. serierunden i 2.-divisjon avdeling 2.

Hødd slo Skeid 2-1 på Høddvoll søndag.   Foto: Per Werkland

Sport

Skeid ville sikre opprykket med tre poeng på Høddvoll søndag, men var eigentleg aldri i nærleiken av siger mot Hødd. I sluttminutta sørga også Markus Naglestad for at alle tre poenga blei verande igjen i Ulsteinvik og at Hødd kappa avstanden opp til Skeid til fem poeng før dei tre siste seriekampane.

Runde 23:

Brattvåg - Fløy 2-2

Vidar - Kjelsås 1-0

KFUM Oslo - Vard Haugesund 1-0

Egersunds - Nardo 2-2

VIF 2 - Stjørdals-Blink 2-3

Hødd - Skeid 2-1

Bryne - Arendal 3-0

Brattvåg sitt poeng mot Fløy sørga for 2.-divisjonsspel også i 2019. Vard Haugesund er allereie klare for 3.-divisjon, men elles er det svært ope om dei to siste nedrykksplassane. Vidar og Fløy er under streken med 24 poeng, men VIF 2 og Stjørdals-Blink har berre poenget meir og er framleis i faresonen. Det same er Nardo med 27.

I toppen sørga Bryne for at Arendal i hovudsak er ute av kampen om andreplassen og no seks poeng bak Hødd. Bak Hødd er det Egersund og KFUM som er nærast, begge to poeng bak Hødd.

Runde 24:

KFUM - Bryne

Skeid - Arendal

Fløy - Hødd

Stjørdals-Blink - Egersund

Kjelsås - Brattvåg

Nardo - Vidar

Vard - VIF 2