Knipent bortetap for Hødd 2

Det blei med den eine scoringa i oppgjeret mellom Molde 2 og Hødd 2.

Det vart eittmålstap mot Molde 2 for andre gong i år måndag. Her frå 1-2 tapet på Høddvoll tidlegare i sesongen.   Foto: Arkiv: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Sport

Det var topp mot botn, andreplass mot sisteplass, då Molde 2 tok imot Hødd 2 på Aker Stadion måndag kveld.

Kampens einaste mål kom etter 16 minutt, då Hødd 2 mista ballen på midten og Molde 2 kunne køyre ein overgang mot eit ryggande Hødd-forsvar. Jakob Nyland Ørsahl sette ballen flott i mål frå utkanten av Hødd sin 16-meter.

Det var ikkje flust av målsjansar på Aker Stadion måndag, men 12 minutt før slutt fekk gjorde Bam Hide ein god jobb med å vinne tilbake ballen høgt i banen. Molde 2 var i ubalanse og Hide kunne ta med seg ballen mot mål. Hide valte å prøve ei pasning mot Peter Hasund, som kom stormande inn i feltet, men det kan nok hende at Hødd-kapteinen burde forsøkt avslutning i staden, for pasninga vart snappa og Molde 2 fekk rydda unna.

Hødd 2 møter Spjelkavik på Høddvoll i sin neste kamp. Den går måndag 15. oktober.

Kampfakta:

3.-divisjon avdeling 1:

Molde II – Hødd II 1 – 0 (1–0)

Aker Stadion

Dommar: Johannes Remøy, Rival SK

Gult kort: Christian Dahl (Molde).

Mål: Jakob Nyland Ørsahl (16)

Hødd II: Benjamin Boujar – Håkon Grimstad Thormodsæter, Eirik Haugan (Jesper Törnqvist 64), Tobias Vassbotn Evebø–Håkon Botn Brautaset, Eirik Franke Saunes, Bam Hide, Petter Haddal Worren, Johannes Sundgot (Bastian Myklebust Rasmussen 70)–Gustav Brandal Dimmen (Tobias Pettersen Hatløy 57), Peter Hasund (Ola Heltne Nilsen 81)