6.-divisjon:

Søndag skal det endeleg avgjerast

Godt på overtid skal ein få svar på kven som rykkjer opp til 5.-divisjon.

Avgjerd søndag: Hødd 3 slo Bergsøy 2 heime på Høddvoll og sikra dermed at det var kampen mot Hareid 2 som blir avgjerande for om det er Hasundgot eller Hødd 3 som blir avdelingsvinnarar i 6.-divisjon avdeling 3.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det har ikkje berre vore enkelt å få svaret på kven som blir avdelingsvinnarar i 6.-divisjon avdeling 3.

I ein innspurt der topplaga har kasta vekk moglegheiter til å avgjere alt på eiga hand, var det til slutt kampen mellom Hødd 3 og Hareid 2 som skulle bli det avgjerande oppgjeret. Då hadde både Bergsøy 2 og Vanylven FK takka for seg i opprykkskampen og det stod dermed mellom Hasundgot og Hødd 3.

3. oktober blei det likevel ikkje noko av kampen mellom Hødd 3 og Hareid 2, ettersom bortelaget ikkje kunne stille lag, og det har dermed blitt ei ekstra ventetid før avdelingsvinnaren kan kårast.

No er det klart at det vil skje søndag 14. oktober.

Då blir det endeleg avgjort om det er Hasundgot eller Hødd 3 som skal ut i KM-kampar mot Aksla og Vigra.

For Hødd 3 er det enkelt. Dei må vinne kampen med 19 mål eller meir for å ha sjanse til å passere Hasundgot. Elles er Hasundgot tilbake i 5.-divisjon etter fire sesongar på lågaste nivå.