Grimstadvatnet rundt laurdag:

– Her er målet at ein skal ha det gøy

Odd Erling Eriksen i Hareid IL håpar mange vil delta under første løpet i vinterkarusellen.

Laurdag går startskotet for vinterkarusellen på Hareid. Her ser vi feltet ut frå start i siste løp våren 2018.  

Sport

Laurdag går startskotet for vinterkarusellen på Hareid. Då går sesongens første Grimstadvatnet rundt og leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen, håpar mange vil finne vegen ut på landevegen laurdag.

Løpet har som vanleg start og målgang ved Hareid stadion og går den vanlege ruta, men løparane får nokre ekstra utfordringar denne gongen.

– Det blir ikkje heilt ideelt med tanke på vegarbeidet som går føre seg innover Røysetvegen. I tillegg er ikkje dekket på Kvitholvegen optimalt, men det verkar som at folk er ved godt mot og ønskjer å delta likevel, fortel Eriksen.

På grunn av både vegarbeid og noko utfordrande dekke, vil nok løyperekorden til Marius Bakken vere temmeleg trygg. Kanskje blir det også tøft å nærme seg topp 20-lista?

– I det første løpet kan nok det bli utfordrande. Det var jo også eit parti under Snipsøyrvatnet rundt, ytst i Røysetvegen, der det var røft dekke og til dels hol i vegen. Det er det framleis, men Brekke og Kleppe gjer det dei kan for å gjere det passabelt til laurdagen. Det er ikkje ideelle forhold og eg blir overraska om vi ser tider opp mot bestenoteringane i første løpet, fortel Odd Erling Eriksen.

Samstundes er det på ingen måte topplistene som er einaste motivasjon for å delta i Grimstadvatnet rundt. Løpet profilerer seg som eit mosjonsløp som passar for alle og den viktigaste konkurrenten er gjerne ein sjølv.

I 2017/18 varierte deltakinga i Grimstadvatnet rundt frå over 50 løparar på det meste til i overkant av 20 på løpet med færrast deltakarar. Odd Erling Eriksen håpar det er mange som vil snøre på seg løpeskoa allereie til første løp denne sesongen.

– Jo fleire jo betre! Dette er eit mosjonsløp, så eg håpar ikkje folk ser på bestetidene og blir avskrekka frå å stille. Her er målet at ein skal ha det gøy!

Elektronisk tidtaking

Nytt av året er at ein denne gongen har elektronisk tidtaking. Systemet har mellom anna vore i bruk under Nordvest Maraton, Hareidsdølen triatlon og Snipsøyrvatnet rundt og laurdag får det debuten i vinterkarusellen. Eriksen trur ikkje det får så mykje å seie for løparane.

– Nei, dei merkar nok ikkje anna enn at dei vil springe rundt med ein liten brikke på ankelen.

For funksjonærane vil det derimot gjere jobben lettare.

– Mykje lettare! No er alle resultata klare i det augneblink sistemann går i mål. Ein fjernar ein del feilkjelder som ein elles kunne hatt tidlegare, då alt skulle ordnast kjapt og med stort tidspress. Det er eit framsteg, det er det ingen tvil om, slår Eriksen fast.

I fjor var det fire ulike vinnarar i herreklassen av Grimstadvatnet rundt. Då tok Andreas Vangsnes, Leif Sægrov, Martin Hauge-Nilsen og Mats Fredriksen kvar sitt løp. I dameklassen var det Ingrid Festø som vann første løpet, medan Oda Renate Midtflø var raskaste kvinne i dei tre andre.