Berre ti spelarar har kontrakt etter 2018-sesongen:

Håpar mange brikker er på plass før januar

Både kvalifisering og opprykk rauk for Hødd. No er klubben inne i ein periode med evaluering av sesongen, men også i ein periode der dei blåkvite må byrje å finne ut korleis a-stallen skal sjå ut i 2019.

Sportssjef: Per i dag har Hødd 10 spelarar med kontrakt vidare etter sesongen. Dermed har sportssjef André Nevstad ein del å jobbe med dei komande månadane. Målet er å få på plass så mykje som mogleg før oppkøyringa tek til i januar og Nevstad ser ikkje vekk frå at klubben kan få besøk frå aktuelle nykomarar i tida fram mot jul.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Der har sportssjef André Nevstad eit stort arbeid framom seg, for av ein stall på 23 spelarar er det berre 10 som har kontrakt med Hødd den komande sesongen.