Gjorde som i fjor

Andreas Vangsnes var raskast blant herrane, medan Ingrid Festø var raskaste kvinne under sesongens første Grimstadvatnet rundt.
Sport

Arrangørane i Hareid IL kunne gle seg over godt oppmøte og 47 deltakarar under første løp i vinterkarusellen på Hareid.

Utfordrande løypeforhold

Leiar i friidrettsgruppa, Odd Erling Eriksen, åtvara på førehand deltakarane om at det ville vere nokre hindringar i løypa på grunn av vegarbeid i Røysetvegen, samt at dekket på Kaldholvegen heller ikkje er optimalt for springing, men det såg ikkje ut til å gjere altfor mykje for løparane. Tidleg i løpet var det ein tetkvintett som tok føringa oppover langs fylkesvegen. Andreas Vangsnes hadde då med seg mellom anna Mats Fredriksen, Martin Hauge-Nilsen og Einar Orten Trovåg, men mot slutten var det liten tvil om kvar sigeren skulle gå.

Vangsnes gjorde nemleg som i første løpet i fjor, då han storma i mål til førsteplass og samstundes sprang seg inn på ein 17.-plass på topplistene med 26.18. Like raskt gjekk det ikkje denne gongen, men vinnartida 26.36 var imponerande med dagens forhold.

Martin-Hauge Nilsen (Kondis) kom i mål på andreplass, medan Mats Fredriksen (Dimna IL) tok tredjeplassen.

På kvinnesida vart det også repetisjon på fjoråret, då Ingrid Festø frå Gular var raskaste kvinne. Ho hadde ei svært imponerande tid i første løp sist sesong, då ho sprang på 28.59 – tredje raskast på topplista. Det gjekk ikkje like raskt denne gongen, men 29.48 var likevel ei svært godkjent tid. Camilla Svoren frå Dimna IL var nest raskast av damene.  

Kjende motvinden

Begge klassevinnarane fortel at det gjekk fint å passere anleggsområdet i Røysetvegen, og at det var ei større utfordring med motvinden oppover langs Hareidsvegen.

– Eg synest det gjekk heilt fint. Det var eit litt tungt parti der borte som dei grev, men det var betre enn eg trudde, fortel Andreas Vangsnes.

Ingen klarte å følgje ungguten når han sette på turboen og inn til Hareid stadion kom Vangsnes i einsam majestet. 

– Første delen av løpet gjekk ganske greitt og så prøvde eg å auke på mot slutten, seier vinnaren som synest han hadde bra kontroll på første løpet i vinterkarusellen.

Dagens raskaste kvinne, Ingrid Festø, vann det einaste løpet ho stilte på i fjor. I år satsar ho på å delta i fleire av løpa i vinterkarusellen.

– Det håpar eg på, seier ho.

Tida vart om lag 50 sekund svakare enn i fjorårets novemberløp, men Festø skuldar ikkje på forholda. 

– Det var litt vind oppover her, men det får ein igjen med medvind på veg tilbake. Det var litt kinkig med vegarbeidet, for ein mista litt fart akkurat der, men elles var det heilt greitt. Eg trur faktisk det var verre då eg sprang her i fjor, for då var det både mykje regn og mykje vind, seier Festø.

Ho var godt fornøgd med gjennomføringa.

– Det kjentest bra, kroppen og beina var bra og det var kjekt å springe i dag, seier ho.

Totalt var det 11 av deltakarane som sprang løpet på mindre enn 30 minutt.

John Doe

Arrangørane av Grimstadvatnet rundt har ein løpar som dei ikkje har namn på. Ifølgje Odd Erik Eriksen var det ein av løparane som vart etteranmeldt seint til løpet og som ein i farta ikkje fekk registrert namnet på.

- Han fekk meir eller mindre ein chip og eit startnummer i handa og vart bedt om å pelle seg bort til start, fortel Eriksen.

Han legg til at dersom vedkomande kan kontakte Hareid IL så får dei rett namn og alder på løparen.

Resultat (plassering, namn, klasse, klubb, tid, differanse, tempo):

1.Andreas VANGSNESM17-34ÅFIK26:31-3:24
2.Martin HAUGE-NILSENM17-34Kondis27:40+01:093:32
3.Mats FREDRIKSENH10-16Dimna IL28:06+01:343:36
4.Einar Orten TROVÅGM17-34Hareid IL28:26+01:553:38
5.Ola Beines FOSSEM35-3928:33+02:023:39
6.Are URANM40-44Havørn28:34+02:023:39
7.Hilmar KRÅKENESM40-44Almenning IL28:48+02:163:41
8.Daniel SLETTEBAKKM35-39Hareidlandet Triatlon &Puls&Pils28:52+02:213:42
9.Ole Sivert RØYRHUSH10-16Stranda IL29:03+02:323:43
10.Ludvik Markussen YTTERDALM17-34Ålesund29:46+03:153:49
11.Ingrid FESTØK17-34Gular29:48+03:163:49
12.Helge TVEDTM17-3430:26+03:543:54
13.Svein Arne LØDEMELM40-44Markane IL30:36+04:053:55
14.Espen Strøm GREBSTADM17-34Velledalen IL30:38+04:073:55
15.Inge-Jonny HIDEM50-54Gursken31:36+05:044:03
16.Steffen FRØYSTADM40-44Team Intersport32:16+05:454:08
17.Aleksander BLÅLIDM17-34Sprek 365 Måløy32:21+05:504:08
18.Jonny TØMMERBAKKM45-49Ulsteinvik32:28+05:574:09
19.Thomas DALSØRENM40-44Hareid IL32:49+06:174:12
20.Asle JOHANSENM50-54Larsnes IL33:30+06:594:17
21.Frank Joakim BRANDALM45-49Ulsteinvik33:42+07:104:19
22.Camilla SVORENK10-16Dimna IL33:49+07:174:20
23.Øystein ORTENM55-59Hareid IL34:37+08:054:26
24.Emil Arne KLEPPEM50-54Gursken35:06+08:354:30
25.Helge FUGLSETHM65-69ÅFIK35:07+08:364:30
26.Silje KULENK17-3435:18+08:464:31
27.Marcus VEDLERM40-44Team Gasellen35:57+09:254:36
28.Ida HADDALK17-3436:13+09:414:38
29.Tommy FREDRIKSENM50-54Rolls Royce36:17+09:454:39
30.Ståle RASMUSSENM60-64Hødd36:24+09:534:40
31.Beate HELSETHK45-4937:19+10:474:47
32.Peter RISEM55-59Puls&Pils39:13+12:425:01
33.John DOEM17-3439:52+13:215:06
34.Gerhard André BAKKELYM35-39Puls&Pils40:19+13:485:10
35.Ulf Magne EIKÅSM50-54Stryn40:28+13:565:11
36.Vibeke Brune SLETTEBAKKK35-39Hareid IL40:46+14:155:13
37.Tom Inge GOTTENM40-44Gjerdsvika41:11+14:405:16
38.Aage Falch GUNDERSENM45-49Gjerdsvika41:11+14:405:16
39.Marit LILLESTØLK50-54Gjerdsvika42:04+15:325:23
40.Marianne BREIVIKK50-54Hasundgot42:40+16:095:28
41.Peder RINGDALM70-74Måndalen IL42:51+16:195:29
42.Oddvar RØYSETM45-49Hornindal43:27+16:565:34
43.Caroline TORGERSENK17-3444:21+17:495:41
44.Kjell M. FAGERLUNDM65-69Hasundgot45:15+18:435:48
45.Olaug HESTADK45-4945:18+18:465:48
46.Andreas Hageman RØYSETH10-161:03:31+36:598:08
47.Ivar Åge RØYSETM40-441:03:33+37:028:08