Prestasjonsprisen til Karsten Warholm

Fekk Friidrettens prestasjonspris under årets Friidrettsgalla på Gardermoen.
Sport

Karsten Warholm vart laurdag tildelt Friidrettens prestasjonspris. Det er andre året på rad at Warholm får denne utmerkinga.

I begrunninga heiter det at: "Han er regjerande verds- og europameister på 400 meter hekk og viser at han beherskar den vanskelege øvinga å gjenta ein suksess. Prestasjonsprisen får han i første rekkje for gullmedaljen på 400 meter hekk i EM i Berlin med tida 47.64, som var årsbeste i Europa og ny norsk rekord."

Prestasjonsprisen består av ein diplom og eit treningsstipend på 10.000 kroner.