To på "årets lag" i avdeling 2.

Eirik Haugan og Marius Hagen er på lista i Sportshjørnet si kåring.
Sport

To spelarar frå Hødd fekk plass på ”årets lag” i 2.-divisjon avdeling 2, som sett opp at Jørgen Tjærnås på sportsnettstaden Sportshjørnet.

Eirik Haugan tek plass i midtforsvaret medan Marius Hagen er med på midtbanen på laget som er dominert av spelarar frå dei fire topplaga i avdelinga og spesielt frå Skeid.

Avdelingsvinnarane har nemleg heile fire spelarar på laget, medan Hødd, KFUM Oslo og Egersunds har ein kvar. Keeper er henta frå Bryne.

På benken har Sportshjørnet plassert to spelarar frå Skeid, to frå Kjelsås og ein spelar kvar frå Egersunds, KFUM og Brattvåg (Scott Fellows).

Om dei to Hødd-spelarane skriv Tjærnås:

Eirik Haugan: Stopparen har heldt høgt nivå sidan han vende heim til Norge frå Marseille sist sommar. Ikkje av dei største, men gir frå seg i duellane uansett. Bra plasseringsmessig. Står med fire seriemål samtidig.

Marius Hagen: Klubbnomaden har hatt ein bra sesong i Ulsteinvik. God med ballen og bra motor, men samtidig veldig vond å møte. Litt for høgt siffer i kortstatistikken – men viser at han har heldt til på høgare nivå lenge.