Vart henta av ambulanse på fotballbana:

– Eg skal på bana igjen

Hasundgotspelar Isak Sundgot (16) vart veldig redd då han høyrde lårbeinet knakk i heimekampen mot Vigra.

seng i stova: Isak Sundgot (16) får ikkje lov til å belaste høgrefoten på to månader. Og tidlegast om seks månader kan han prøve seg på fotball igjen. Heime i Dimnøyvegen har han rigga seg til med seng i stova, for å sleppe å gå ned trappa til rommet sitt i kjellaren.  Foto: Linda Eikrem

Sport

– Eg såg at beinet bula ut i huda på høgre lår. Det var forferdeleg låkt, så eg datt ned på bana og brølte, fortel den unge A-lagsspissen.