Tare-cup:

Ventar 10.000 personar innom hallen

Laurdag og søndag er det klart for årets utgåve av fotballturneringa Tare-cup i Sparebanken Møre Arena. Turneringa tek imot om lag 1500 spelarar fordelt på 178 lag frå 40 klubbar.

Laurdag og søndag blir Tare-cup arrangert i Sparebanken Møre Arena.   Foto: Arkiv

Sport

Tare-cup er ei av dei største innandørsturneringane i fylket og blir denne gongen arrangert for 19. gong.

– Om lag 304 kampar skal avviklast, og det er venta om lag 10.000 personar innom hallen under Tare-cup. Kampane startar klokka 09.00 på laurdag, og turneringa vert avslutta klokka 18.30 på søndag. For dei unge håpefulle som skal i aksjon er det stor stas at familie, vener og kjente er på plass for å heie dei fram, så vi oppmodar alle om å komme. Her er det plass, seier turneringsansvarleg Per Arve Moldskred i IL Hødd Fotball i ei pressemelding.

Denne gongen er det berre gutane som tek del i Tare-cup, då jentene hadde si turnering i Tare Jentefestival som vart arrangert av Herd sist helg.

Cupen skapar stor aktivitet, ikkje berre for Hødd, men også dei mange andre klubbane som deltek. I tillegg er den ei viktig inntektskjelde for klubben.

– Tare-cup er eit resultat av ein framifrå innsats frå foreldra. Utan innsatsen frå dei rundt 150 frivillige som står på heile helga ville vi ikkje hatt moglegheit for å gjennomføre denne cupen. I tillegg til sponsorane våre som vi er svært takksame for, utgjer Tare-cup ei av dei største inntektskjeldene til Hødd Fotball si breiddeavdeling. Gjennomføringa av denne cupen gjer at vi kan halde eit høgt og god aktivitetsnivå på gode anlegg året gjennom, samtidig som at treningsavgiftene kan haldast lave, seier Moldskred.

Under Tare-cup blir det spelt kampar i både 3-ar, 5-ar og 7-arfotball.