Gjennomgang av økonomien til klubbane i PostNord-ligaen:

Hødd i "grøn sone"

Rekneskapet for første halvåret i PostNord-ligaen viser at Hødd ligg i såkalla "grøn sone" når det gjeld økonomi.

Hødd - som har økonomiske utfordringar - hamna likevel i "grøn sone" når det gjeld første halvår av 2018.  Foto: Arkiv/Per Werkland.

Sport

Det kjem fram i ei oversikt utarbeidd av Norges Fotballforbund. Denne oversikta blei lagt fram torsdag, og viser at rekneskapen til Hødd - som har økonomiske utfordringar - framleis gjer at klubben er i såkalla "grøn sone".

Det viste også oversikta for siste halvdel av 2017. Der er derimot god grunn til å tru at klubben vil bli rangert annleis ved neste korsveg.