Dimna IL er ein attraktiv arrangør:

– Mange ønskjer seg til Ulsteinvik

Det blir ingen roleg vinter i Ulsteinhallen. Snart startar innandørssesongen i friidrett og før den er over skal Dimna IL arrangere sitt tredje store meisterskap sidan opninga i 2015.

Klare til dyst Trond Berg og Arve Hatløy i Dimna IL ser fram mot ein innhaldsrik innandørssesong. Den startar allereie i slutten av november og får sitt store høgdepunkt med UM og 6–700 utøvarar i Ulsteinhallen i mars.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.

Sport

Etter opninga av Ulsteinhallen i 2015 har Dimna IL stått som arrangør for to store friidrettsmeisterskap. I mars er Ulsteinhallen igjen arena for norsk friidretts framtid når Ungdomsmeisterskapen er lagt til Ulsteinvik for andre gong.