Markus Naglestad:

Hødd-toppscoraren går til Egersunds IK

Sørlendingen byter ut blått og kvitt med gult og svart neste sesong.

Markus Naglestad er ferdig i Hødd, og har no signert for Egersunds.  Foto: Arkiv/Per Werkland.

Sport

Det skriv Egersunds IK på sine Facebook-sider.

Mannen som scora 13 mål for Hødd i PostNord-ligaen i 2018, vil nok bli rekna som eit stort tap for dei blåkvite. Men, han signerte i utgangspunktet for å vere med ut 2018-sesongen.

EIK sin nye trenar Ojan Bijan er svært nøgd med å ha 2019-sesongen si første signering på plass.

- Markus er ein spelar vi har hatt eit auge for ei stund. Han har kvalitetar som vi meinar passar meget bra inn i vår måte å spele fotball på. Vi gler oss veldig til å samarbeide vidare med han når førebuingane til 2019-sesongen startar, seier Bijan til klubben si Facebook-side.

I Naglestad får EIK ein meget målfarleg spiss.

I 2015 putta han 26 mål på like mange kampar for Gjøvik-Lyn, året etter blei det 25 mål på 24 kampar for Fram Larvik og i 2017 scora han ni mål på åtte kampar for HamKam. Og det blei altså 13 for Hødd i sesongen som gjekk.