Klinka til med supertid

No er det berre Marius Bakken som har vore raskare enn Ådne Andersen i Grimstadvatnet Rundt.
Sport

Sist sesong i vinterkarusellen på Hareid gjekk utan Ådne Andersen på startstreken. Faktisk må vi tilbake til november 2016 for å finne sist gang Dimna-løparen deltok på heimebane.

Då sprang han seg inn på ein fjerdeplass på topplistene med 25.04, men då Andersen igjen stilte til start på Grimstadvatnet Rundt skulle den tida bli fullstendig smadra.

Andersen tok kommandoen frå start og fekk tidleg luke ned til Mats Fredriksen og Einar Orten Trovåg. Den luka skulle berre auke, og då Andersen passerte fylkesvegen og sprang inn på Røysetvegen hadde han nesten halvanna minutt ned til duoen som kjempa om andreplassen.

Nede ved målområdet vart det nokre spanande minutt medan ein speida etter 24-åringen. Kunne Andersen bli den andre som sikra seg tid under 25.00? 

Svaret var eit rungande ”ja”! Då Andersen kom til syne var ein framleis lågt på 23-talet og med ei god avslutning storma han i mål til 24.10. Det er nesten minuttet betre enn hans tidlegare bestetid og han dundra også inn på andreplassen på topplista bak Marius Bakken.

Andremann under 25 minutt

Ådne Andersen kunne dermed nøgd konstatere at returen til Grimstadvatnet Rundt var svært vellukka. Samstundes meiner han at det skal vere godt mogleg å kutte endå meir tid med optimale forhold.

– Du kjente vinden ganske kraftig på kilometer to og tre. Jo raskare farta er jo meir kjenner du motstanden også, så det blir berre tyngre jo meir ein gir på. Dei to kilometrane gjekk litt seint og eg tapte nesten 15 sekund på kilometer nummer to, fortel Andersen.

Han legg til at han også tapte ein del tid på områda der det eg vegarbeid, ettersom han mista litt av rytmen i springinga.

– Der gjekk det også litt seint og eg trur absolutt at det er meir å gå på, seier Andersen. Han legg til at forma er svært god og at han nyleg har avslutta eit lengre treningsopphald i Kenya.

Har meir inne

Opp til Marius Bakken si smått legendariske tid på 22.50 er det framleis om lag eitt minutt og 20 sekund, men at Andersen skal ha gode moglegheiter til å springe seg godt ned på 23-talet bør det absolutt vere gode moglegheiter for.

– 23-talet er absolutt mogleg, for sjølv om eg er i god form så er ikkje dette noko eg har lada spesielt opp til. Eg har 150 kilometer i beina frå før denne veka og det merkar ein godt. Eg held også litt igjen, for det er jo dei store meisterskapa som gjeld, sjølv om det er utruleg kjekt å kome heim og springe på Hareid. Her har eg sprunge så mykje fram og tilbake. Ein kjenner løypa veldig godt og då veit ein også korleis ein skal disponere kreftene best mogleg.

No blir det truleg ikkje så mykje meir konkurranse for Andersen før i slutten av januar. Då er planen at han delta under Karsten Warholm sitt elitestemne i Ulsteinhallen, men Andersen veit ikkje heilt kva distanse han kjem til å springe.

– Det må du nesten spørje Karsten om. Vi har begge vore mykje på farten i det siste, og nesten ikkje sett kvarandre, så vi får nok sette oss ned og ta ein heftig diskusjon når vi er tilbake i Oslo, ler Andersen.

Før den tid blir det uansett ei rolegare periode rundt jula, før turen går til Sør-Afrika på ny treningsleir.

Einar Orten Trovåg sikra seg andreplassen etter å ha distansert Mats Fredriksen mot slutten. Dimna-utøvaren tok tredjeplassen. Silje Kulen vart beste kvinne.

Resultatliste:

1.Ådne ANDERSENM17-34Dimna24:1024:10-3:05
2.Einar Orten TROVÅGM17-34Hareid28:1028:10+04:003:36
3.Mats FREDRIKSENH10-16Dimna28:2528:24+04:153:38
4.Hilmar KRÅKENESM40-44Almenning28:4528:44+04:343:41
5.Are URANM40-44Havørn28:5828:57+04:473:42
6.Jan Endre RISEM40-44Hareid IL29:2829:27+05:173:46
7.Helge TVEDTM17-3429:3729:36+05:263:47
8.Preben NEDERLIDM17-34Puls og pils29:5429:53+05:433:49
9.Jan Einar HOVDENM40-44Puls&Pils29:5729:56+05:463:50
10.Kristoffer NONSTADM17-34Oppdal31:0130:59+06:493:58
11.Inge-Jonny HIDEM50-54Gursken32:0432:04+07:544:06
12.Anders OKSAVIKM17-34NTNU32:2332:21+08:114:09
13.Jonny TØMMERBAKKM45-49Ulsteinvik32:3732:35+08:254:10
14.Dag Johnny SELJESETHM45-49Ulmatec BIL32:4932:48+08:384:12
15.Kristoffer BAKKELYM40-44Puls&Pils33:1033:08+08:584:15
16.Inge VISNESM40-44Almenning33:3333:31+09:214:17
17.Nicolas BATHFIELDM17-3433:5033:50+09:404:20
18.Øystein ORTENM55-59Hareid34:2434:24+10:144:24
19.Silje KULENK17-3434:2434:22+10:124:24
20.Asle JOHANSENM50-54Larsnes IL34:2434:23+10:134:24
21.Helge FUGLSETHM65-69Kondis34:3434:32+10:224:25
22.Ida HADDALK17-3435:4435:41+11:314:34
23.Olav TORSETM45-49Larsnes35:5535:51+11:414:36
24.Ståle RASMUSSENM60-64MRV36:1036:08+11:584:38
25.Tommy FREDRIKSENM50-54Rolls-Royce36:4136:39+12:294:42
26.Odd ELVANESM60-64Hareid37:1537:13+13:034:46
27.Beate HELSETHK45-49Team Helseth37:4237:40+13:304:49
28.Hans Olav LEEM17-3439:0839:04+14:545:00
29.Helge KROKENM55-59People Møre - Ålesund39:1739:14+15:045:02
30.Gerhard André BAKKELYM35-39Puls&Pils39:2039:17+15:075:02
31.Vibekke Brune SLETTEBAKKK35-39Hareidlandet triatlon39:2139:17+15:075:02
32.Dag SNIPSØYRM65-69Team Snipsøyr40:3440:32+16:225:12
33.Tor HAVÅGM55-59Ulstein sykkelklubb41:2241:21+17:115:18
34.Marit LILLESTØLK50-54Gjerdsvika42:1842:16+18:065:25
35.Roger STEINNESM45-49Indre Steinnes Villsaulag42:2042:17+18:075:25
36.Oddvar RØYSETM45-49Hornindal43:2743:24+19:145:34
37.Fie NILSSONK17-34DK44:5444:52+20:425:45
38.Marius BREKKE BERGHM17-34Almenning45:4645:42+21:325:51
39.Toril SØRHEIMK35-39Volda45:5845:55+21:455:53
40.Kjell M. FAGERLUNDM65-69Hasundgot46:2446:22+22:125:56