Tøff avdeling for Hødd

Laurdag vart avdelingsoppsettet for 2.-divisjon presentert.

Hødd skal mellom anna møte Fredrikstad, Bryne og Levanger den komande sesongen.   Foto: Per Werkland

Sport

Det viser at Hødd har hamna i avdeling med mellom anna Egersunds, Bryne og Arendal frå årets avdeling, men også med lag som Fredrikstad, samt Levanger som rykte ned frå Obosligaen.

For Hødd sin del blir det kampar frå Levanger og Stjørdal i nord til Egersund og Arendal i sør, i tillegg til mot tre lag frå Austlandet. På papiret ser det ut til at det er avdeling 1, der både Hødd og Brattvåg har fått plass, som vil bli den klart tøffaste avdelinga. Åtte av laga i Hødd si avdeling møtte Hødd også i 2018.

2.-divisjon avdeling 1:

Levanger
Stjørdals-Blink
Nardo
Byåsen
Brattvåg
Hødd
Sola
Egersund
Bryne
Vidar
Arendal
Fredrikstad
Moss
Kvik Halden

2.-divisjon avdeling 2:

Alta
Mjølner
Senja
Bærum
Kjelsås
Grorud 
Asker
Oppsal
Elverum
Fram
Odd 2
Florø
Sotra
Åsane