Vart inspirerte i Ulstein Arena

I helga har judo-utøvarar frå Ulstein, Volda og Ålesund blitt inspirerte av den dyktige trenaren Knut Harefallet.
Sport

Om lag 30 utøvarar og trenarar var på plass i Ulstein Arena i helga, der dei vart leia av den mangeårige trenaren Knut Harefallet frå Fredrikstad. Harefallet har vore trenar i godt over 30 år og vart den yngste i Norge som vart tildelt 6. dan.

– Vi har hatt ei treningssamling der vi har invitert dei klubbane vi kjenner frå Møre og Romsdal. vi har utøvarar her frå Ålesund, Volda og faktisk også nokre frå Varg, fortel Ole Hjørungdal.