Frå Hødd til Bergsøy

Tom Malins skiftar beite etter eit år som spelarutviklar i Hødd.

Tom Malins er ny hovudtrenar i Bergsøy og tek til i rolla over nyttår.  

Sport

Det siste året har Tom Malins vore inne som spelarutviklar i Hødd. No går ferda vidare til Fosnavåg og Bergsøy for engelskmannen, som tidlegare har vore innom Volda. Denne sesongen har Malins også spelt tre kampar for Hødd 2 i 3.-divisjon.

I Bergsøy er Malins ny a-lagstrenar etter at det tidlegare i haust vart klart at Toni Sandanger ikkje held fram i stillinga. Bergsøy sitt 4.-divisjonslag avslutta sesongen på ein andreplass, med like mange poeng som opprykkslaget AaFK 2.

– Bergsøy er ein spennande klubb som har ei lys framtid. Med tanke på dei gode fasilitetane og nivået på ungdomsavdelinga og A-stallen som er her, var det eit enkelt val å bli ein del av klubben. Bergsøy har ein talentfull og positiv spelargruppe, og målet mitt er å utvikle dette vidare. Vi skal stå fram med ein klar og tydeleg filosofi og spelestil på banen. Eg er også klar over at klubben har ein stor tilhengarskare, ein av mange grunnar til at eg valde å kome til Bergsøy, og ser fram til utfordringa med å gje dei ein underhaldande og god fotball, seier Malins til klubben sine nettsider.

Malins tek til i jobben 1. januar.