Iuel, Hynne og Bjerkeli Grøvdal til elitestemne i Ulsteinhallen

Måndag opna billettsalet til Karsten Warholm International som skal arrangerast i Ulsteinhallen.

Karsten Warholm tek med seg både lokale, nasjonale og internasjonale utøvarar til Ulsteinhallen 25. januar. Måndag vart billettane til stemnet lagt ut.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Amalie Iuel returnerer til Ulsteinhallen i 2019. Ho skal delta under Karsten Warholm International 25. januar.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

25. januar står Karsten Warholm på startstreken i Ulsteinhallen under den første utgåva av elitestemnet med hans eige namn.

Måndag vart billettane til Karsten Warholm International lagt ut, og då vart også namna på nokre av deltakarane på stemnet klare.

På nettsida til stemnet skriv arrangørane at ein i tillegg til Karsten Warholm, også vil kunne sjå Karoline Bjerkeli Grøvdal, Amalie Iuel og Hedda Hynne. Alle tre er ein del av Team Coop Tokyo, satsingslaget til Norsk Friidrett inn mot OL i Tokyo i 2020. I tillegg vil det dukke opp både lokale, nasjonale og internasjonale utøvarar i Ulsteinhallen.


Karsten Warholm:

Startar elitestemne på heimebane

25. januar skal innandørssesongen i friidrett for alvor skyte fart. Då inviterer Karsten Warholm til elitestemne i Ulsteinhallen med internasjonal deltaking.


Ifølgje nettsida til stemnet skal det konkurrerast i desse øvingane:

200 meter (menn og kvinner)

400 meter (menn og kvinner)

800 meter (kvinner)

1500 meter (menn)

3000 meter (kvinner)

Lengde (menn og kvinner)