Idrettsgallaen:

Nominert til to prisar

Karsten Warholm er nominert som årets mannlege utøvar og årets namn til Idrettsgallaen.

Desse blide karane er begge nominerte til prisar under Idrettsgallaen.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

I januar vann Karsten Warholm tre prisar, i tillegg til at trenar Leif Olav Alnes fekk prisen som årets trenar. No er nominasjonane for den komande Idrettsgallaen presentert og både Warholm og trenaren er blant dei som kan motta prisar 5. januar.

Karsten Warholm er i år nominert både til prisen som årets mannlege utøvar og prisen som årets namn. Leif Olav Alnes er igjen nominert som årets trenar.