"Sunnmørsklubben" forsterkar med tidlegare Hødd-keeper:

Pieroth til Lokomotiv Oslo

Sportsleg leiar Arthur Garnes melder om spanande overgangar og ei meir kortreist avdeling for Lokomotiv Oslo i 2019-sesongen.

Tidlegare Hødd-keeper Sivert Pieroth (t.v.) har signert for Lokomotiv Oslo. Klubben har også fått ny A-lagstrenar i Ulstein-ættlingen Jørgen Ulstein Reikerås (midten), og ulsteinvikar Sander Djupvik held fram i klubben også i 2019.  Foto: Lokomotiv Oslo.

Sport

Lokomotiv Oslo blir som kjent kalla for "sunnmørsklubben", då laget som held til i hovudstaden har hatt spelarar i stallen eller folk i administrasjonen frå Sunnmøre sidan oppstarten i 1999. Sesongen 2019 i 3. divisjon (Norsk Tipping-ligaen) kan by på utfordringar for førstelaget, trur sportsleg leiar og ulsteinvikar, Arthur Garnes.