Held fram som hovudsponsor for Hødd

Ulstein Group og Hødd underteikna torsdag hovudsponsoravtale for 2019.

Oddmund Davik Otterlei i Hødd og Lene Trude Solheim, organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein, er godt nøgde med Ulstein held fram som hovudsponsor i Hødd også i 2019.   Foto: IL Hødd Fotball

Sport

Det går fram av ei pressemelding frå IL Hødd Fotball.

- Ulstein er som vi i Hødd opptekne av at vi klarer å halde oppe aktiviteten på Høddvoll. Denne avtalen vil hjelpe oss til å nå målet om auka aktivitet med endå betre kvalitet. Ulstein vil også vere hovudsponsor for damelaget og vil vere ein viktig bidragsytar til at vi kan leggje til rette for endå betre satsing for jentene i klubben og på sikt kome oss opp til 2. divisjon med damelaget. Vi er svært glade for at det tette og gode samarbeidet mellom Hødd og Ulstein held fram, seier dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei i pressemeldinga.

Ulstein Group er også nøgde med å få på plass ein avtale med Hødd Fotball: - Vi har støtta Hødd over fleir tiår og det er viktig for oss å kunne vere med på å sikre at det gode arbeidet i klubben kan halde fram. Vi ønskjer å støtte opp under det gode arbeidet som Hødd gjer både lokalt og regionalt. Vi synest at Hødd kombinerer arbeidet med å få fram toppspelarar og oppretthalde breidda hjå jenter og gutar på ein veldig god måte. Skal vi skape gode bu- og arbeidsmarknadsregionar er vi avhengige av gode og varierte fritidstilbod. Hødd har ei svært sentral rolle i dette og vi er stolte av å kalle oss hovudsponsor for klubben, seier Lene Trude Solheim, organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein.

Solheim legg til at det sjølvsagt er flott at ein klubb som Hødd kan produsere både landslagsspelarar og Noregsmeistrar, men at det er minst like viktig at det finst eit breitt tilbod til mange.