Startar mot Fredrikstad

Terminlistene for 2.-divisjon er klare.

Hødd møter Fredrikstad på bortebane i første serierunde.   Foto: Per Werkland.

Sport

Torsdag vart terminlistene for 2.-divisjon og 3.-divisjon presentert. Divisjonsforeininga slår fast at dette ikkje er eit endeleg oppsett, då klubbane skal møtast 10. og 11. januar for å spikre endelege kamptidspunkt og kampdagar.

Det som er klart er at Hødd startar med bortekamp og det mot eit av storlaga i avdelinga. I første serierunde går turen til Fredrikstad. Denne kampen er sett opp 13. april. Første kamp heime blir mot opprykkslaget Byåsen, før Hødd møter Arendal borte og Kvik-Halden heime i dei to neste.

Hødd sin siste kamp i 2019 går heime mot Arendal. Sesongen blir avslutta siste helga i oktober.

Sjå heile speleplanen på fotballforbundet sine nettsider.