Karsten Warholm International:

– Vi ser konturane av noko veldig spanande

Karsten Warholm sitt elitestemne i Ulsteinhallen nærmar seg og lokale krefter jobbar hardt for at det skal bli suksess frå startskotet går.

Samarbeid: Fleire lokale aktørar har vore involvert i produksjonen av promoplakatane til Karsten Warholm International. Her er Kristine Haddal og Trude Bjørlykke Hansen framom plakaten som no prydar Blåhuset i Ulsteinvik. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det er rett i overkant av ein månad til Karsten Warholm International blir arrangert i Ulsteinhallen. Torsdag kunne folk i Ulsteinvik sjå synlege teikn på at elitestemnet nærmar seg, då det vart hengt opp store promoteringsplakatar på Blåhuset og i Ulsteinhallen.