Sjå bildeserie frå Nattcupen i Ulsteinhallen:

- Vi er her for det sosiale og for å kjenne på fotballgleda

Nok ei utgåve av den tradisjonsrike Nattcupen gjekk av stabelen natt til laurdag 22. desember. Cupen er kjekk for alle involverte, alt frå spelarar, tilskodarar og arrangørar.
Sport

Nattcupen har vorte synonymt med førjulstida blant ungdommen på Søre-Sunnmøre. Mange heimattkomne studentar deltek i lag med skuleelevane på dei ulike ungdoms- og vidaregåande-skulane i nærleiken, og skaper svært god stemning i den flotte hallen. Sjølv om det naturlegvis er varierande nivå på laga og spelarane, så er det kanskje nettopp det som gjer at cupen har blitt eit høgdepunkt for mange rett før jul.