– Det er nok ingen tvil om at dette er beste sesongen eg har spelt i Molde

Etter ein svært god sesong og sølv i Eliteserien med Molde feirar Fredrik Aursnes jul på heimebane.

På heimebane: Fredrik Aursnes feirar jul heime på Hareidlandet, men i år blir det feiring i Ulsteinvik for Molde-spelaren. Aursnes har vore ein viktig bidragsytar for eit Molde-lag som til slutt tok sølv i Eliteserien. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Fredrik Aursnes er heime på Hareidlandet etter å ha lagt bak seg sin beste sesong til no i Molde-drakta. Aursnes spelte seg verkeleg varm i trøya denne sesongen og leverte 15 målpoeng for laget som tok sølv i Eliteserien. Offisielt står han med åtte mål og sju målgjevande.