Klart for fotballfest i Hareidhallen

Grendacupen blir arrangert fredag og laurdag.

Fredag og laurdag er det klart for Grendacupen i Hareidhallen. Turneringa blir arrangert for 25. gong.  

Sport

Allereie tidleg fredag morgon tek puljespelet i den 25. utgåva av Grendacupen til i Hareidhallen. Då ventar nærare 16 timar innandørsfotball fredag, før ein får vite kven som møtest i sluttspel laurdag.

Totalt vart det 18 lag fordelt på fire puljar i herreklassen, medan fire lag skal gjere opp om sigeren i dameklassen.

I dei to ungdomsklassene vart det meldt på til saman 15 lag, med åtte i guteklassen og sju jentelag.

Sjå fullstendige puljar og kampoppsettet på Mylivescore