Fredrik Aursnes: «Vi vann i fjor, men eg held oss ikkje som favorittar i år»

Fredag 28. desember gjekk den 25. Grendacupen på Hareid av stabelen. Vi tok oss ein prat med nokre av deltakarane
Sport

- Skulle gjerne hatt med fleire damelag

Sigrid Pedersen, som til dagleg spelar som forsvarsspelar for damelaget til Hareid, er ein av mange deltakarar på den tradisjonsrike Grendacupen på Hareid. Ho er med på damelaget «Ikketapåme» og ser fram til å ha det kjekt i Hareidhallen desse to dagane. Pedersen er stor tilhengjar av Grendacupen, og synest slike arrangement er svært viktige for lokalsamfunnet.