Grendacupen 2018:

Fredrik Aursnes-show i herrefinalen

Dag to av Grendacupen vart ikkje noko dårlegare enn den første dagen. God fotball og nervepirrande drama stod på programmet.
Sport

«Wasted Potentional» med full kontroll i jentefinalen

Dagens første finale stod mellom «Wasted Potentional» og «Team Meight» i ungdomsklassa for jenter. Begge lag vann gruppa si og imponerte også i sluttspelet. «Wasted Potentional» hadde full kontroll med ein 4-0-siger i semifinalen, medan «Team Meight» slo til med 20-0 i kvartfinalen. Det var dermed duka for ei svært interessant finale.