Hagen til avdelingskollega

Marius Hagen vart kåra til årets spelar i Hødd av Blåsarane i 2018. No skal midtbanespelaren frå Eid spele for opprykksrivalane frå Fredrikstad.

Marius Hagen var ein svært viktig spelar for Hødd i 2018, men skal i 2019 spele for Fredrikstad FK i same avdeling som Hødd.   Foto: Per Werkland

Sport

Fredrikstad FK skriv på sine nettsider at Marius Hagen er klar for klubben. Dette blir også stadfesta av Hødd.

I ei pressemelding frå Hødd seier Hagen:

– Det er vemodig å reise frå nydelege Ulsteinvik. Har hatt eit supert år saman med flotte folk. Stort å bli kåra til årets blåsar av flotte supporterar, og kome med på årets lag i divisjonen. Eg har gjort alt eg kan i kvar kamp, og føler eg har gjort ein fin figur på banen og elles i Ulsteinvik. Å kombinere masterstudium og kjæraste i Oslo er ikkje enkelt med å bu i Ulsteinvik. Hødd er eit lag eg har følgt tett sidan eg var liten, og det vil alltid ha ein spesiell plass i mitt hjarte. Håper Hødd får ein super sesong. Det fortener spelarane, sponsorane og ikkje minst Blåsarane.

Hødd sin sportssjef André Nevstad fortel i pressemeldinga at Hødd ikkje ønskte å gje slepp på Hagen.

– Marius har i etterkant av sesongen formidla eit sterkt ønske om flytte til Austlandet på grunn av private årsaker, trass i at han har kontrakt ut 2019-sesongen. Vi har prøvd å legge til rette for at Marius skulle bli med oss vidare, men det lét seg ikkje gjere. Etter ei totalvurdering, vart derfor konklusjonen at dette er den beste og einaste løysinga, seier Nevstad

Til FFK sine nettsider seier Hagen: – Det er utruleg kjekt å signere for FFK, ein stor og tradisjonsrik klubb frå ein flott by. Eg skal gi alt i kvar kamp for å hjelpe klubben opp og fram.

”Det er med audmjukskap at eg tar på meg drakta, eg har spilt her fleire gonger og vore sjalu på den flotte klubbsongen og støtta frå tribunen. Håper på mange gode opplevingar frå på Stadion!”

I pressemeldinga frå Hødd står det ingenting om overgangssum for midtbanespelaren, men Hødd sin daglege leiar Oddmund Davik Otterlei fortel at Hødd har fått ein kompensasjon frå FFK for Hagen.

– Marius hadde ein arbeidsavtale med Hødd også i 2019, seier Davik Otterlei.

Får Hødd ein kompensasjon dei kan vere fornøgde med?

– Slik vi ser det så gjer vi det. Vi har vore i forhandlingar med Fredrikstad og gav oss ikkje før vi fekk det slik vi ønskte, seier Hødd sin daglege leiar.

Han legg til at Hagen gjorde ein god innsats for Hødd og at klubben takkar han for innsatsen.

– Marius er ein fin fyr som vi ønskjer lykke til vidare, seier Davik Otterlei.

Også Hødd sin sportssjef, André Nevstad, stadfestar at Hødd blir kompenserte for Hagen. Han seier også at klubben gjekk fleire rundar med Hagen, men at det var spelaren sitt soleklare ønskje å kunne flytte til Austlandet.

– Vi ønskjer sjølvsagt å behalde gode fotballspelarar i Hødd, men det er også viktig at dei har ein ønskje om å vere her. Det er slik ein skapar sterke kollektiv og når det ikkje er slik så må ein finne løysingar som er best mogleg for alle partar, seier Nevstad.

– At ein spelar går ut gir oss også moglegheita til å erstatte dei med noko andre, legg Nevstad til.

At Hagen forsvinn ut dørene på Høddvoll betyr at Hødd får endå ein spelar som må erstattast. Frå før hadde klubben berre ti spelarar på kontrakt. No er talet ni.

Før Hødd får ta til på jobben med å signere spelarar må ein først få på plass eit budsjett. Davik Otterlei fortel at ein skal ha eit styremøte måndag og at han håpar ein no nærmar seg å kome i gang med spelarlogistikken for alvor.

Hødd møter Fredrikstad allereie i første serierunde.