Årets førebilete

Sport

Ein tydeleg glad, overraska og rørt Karsten Warholm tok i kveld, laurdag, imot prisen for årets førebilete under Idrettsgallaen. Prisutdelarane trakk fram at Warholm er ein utøver som alltid spreier godt humør rundt seg. Han er imøtekomande og tar seg tid til å snakke med born og unge på heimstaden. Han er ein likande kar som tydelegvis har tatt med seg gode verdiar frå familien og frå oppvekstmiljøet i Ulsteinvik.

Dei har slite med å finne noko negativt om han, men om dei skulle setje fingeren på noko så er det at han kan vere litt sein med å møte på trening.

Warholm sa at han var overraska over at han fekk ein slik pris. Han takka for dei fantastisk fine orda, og spurte om prisutdelar Aksel Lund Svindal hadde skrive dei sjølv. Han berolege forsamlinga og sjåarane med at der er mange minus-sider. Han orsaka at han kjem seint på trening og takka trenaren for å vere tolmodig.

- Opp gjennom livet mitt har det alltid vore viktig å sjå folk for dei dei er. Eg meiner at sjølv om du leverer bra, sånn som eg av og til har gjort, så betyr ikkje det at eg har nokon større verdi enn nokon andre, sa Karsten til rungande applaus.

Han presiserte at dette er noko han synest er viktig.

- Eg opplever at i alle fall min kvardag blir så mykje gøyare når eg vel å møte folk med eit ope sinn og lære folk og bli kjent. Og me er forskjellige, og det ser me sjølvsagt. Og me kan hjelpe kvarandre med å lukkast, uansett kva det skal vere. Når eg står her vil eg gjerne takke dei som har vore med og gitt meg eit sånt verdigrunnlag. Det er sjølvsagt foreldra mine, byrja Warholm.

Han nemnde også morfaren sin, som er død no, noko som fekk den unge idrettsutøvaren til å ta tårene og røre heile salen. Han fortalde at han lærte mykje av morfaren. Han nemnda også at kjærasten hans har vore alvorleg sjuk, dei har kome seg gjennom det. Dette er ein lagprestasjon, sa han, og takka også trenaren Leif Olav Alnes. Familien til trenaren er som ein andrefamilie for Warholm.

- No grin eg litt, for det er ganske rørande. Men også for at no er eg 22 år, eg føler eg har oppnådd alt, så eg veit ikkje kva eg skal gjere vidare, avslutta den tydeleg rørte prisvinnaren medan folk klappa, lo og jubla for han. 

Trudde han skulle gå tomhendt derifrå

Denne prisen vart delt ut nesten heilt til slutt i programmet, like før heidersprisen som gjekk til Marit Bjørgen.

Karsten Warholm var nominert i kategorien årets mannlege utøvar og prisen for årets namn, men dei prisane vann han ikkje. Sjølv om han ikkje vann desse prisane såg han ut til å vere i strålande humør gjennom heile kvelde og ta det heller lett at han ikkje vann denne gongen.

Men så fekk han altså med seg ein gjev pris likevel.