«Odden Cup» også i år

Gir inntektene til nye flaumlys på kunstgrasbanen ved Høddvoll.

Fjorårsvinnarane: Hødd jr. stakk av med førsteplassen under fjorårets Søre Cup. 1. og 2. februar er det klart for ny turnering i Ulsteinhallen.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Sport

1. og 2. februar er det klart for «Odden Cup» – eller Søre Cup som turneringa gjekk under i fjor. Cupen blir arrangert i Ulsteinhallen og har i mange år samla breiddelag frå Søre Sunnmøre til innandørs kappestrid.

– Vi håpar på like mange lag i år som i fjor, fortel Odd Arne «Odden» Seljeseth.

Det vil seie 26 lag og Seljeseth legg til at det allereie er fleire som er klare for turneringa. Han minner også om at det er «førstemann til mølla» som gjeld og at fristen for å melde seg på er 14. januar.

– Vi opnar også opp for at vi kan ha med nokre kameratlag. Det var med nokre slike i fjor. Dersom nokon vil vere med så må dei ta kontakt med meg på telefon eller e-post, fortel Seljeseth.

I fjor var det Hødd jr. som vann herreklassen og Volda som vann i dameklassen. Seljeseth håpar at også dei beste damelaga frå søre Sunnmøre blir med på turneringa denne gongen.