Nevstad sluttar i Hødd

Gir seg i klubben etter nesten 30 år, skriv Hødd i ei pressemelding.

Hødd sin sportssjef André Nevstad sluttar i Hødd, skriv klubben i ei pressemelding.  

Sport

"Sportssjef André Nevstad har valt å gi seg i klubben etter nesten 30 år, og seier at han føler seg privilegert som har hatt moglegheita til å jobbe med det som er hans store hobby gjennom heile sitt vaksne liv. Det er ikkje noko enkelt val, men handlar i stor grad om at eg føler eit sterkt ansvar for at vi ikkje nådde målet om opprykk, og konsekvensane dette har ført med seg."

Det skriv IL Hødd Fotball i ei pressemelding tysdag.

- Eg føler meg privilegert som har fått ha hobbyen min som jobb og livsstil i heile mitt vaksne liv. Det har sjølsagt vore både oppturar og nedturar gjennom så mange år, men det som kjenneteiknar Hødd på sitt beste er det sterke samhaldet, fellesskapet, lojaliteten og viljen til å lukkast saman. Dette er viktige verdiar å ta med seg i alt vi gjer når klubben no går inn i 2019, eit år der klubben skal feire sitt 100-års jubileum. Det er viktig for meg å takke alle som eg har fått jobba saman med gjennom alle desse åra, alle fantastiske frivillige, dyktige og gode kollegaer, spelarar, trenarar, leiarar, Blåsarane og alle andre Hødd-vener som har bidrege til at Hødd og Høddvoll er noko heilt spesielt, seier Nevstad i pressemeldinga.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei beklagar at Nevstad gir seg: - André er ein markant person i klubben som sit på stor kunnskap gjennom mange år. André tenkjer Hødd heile tida og og bryr seg om heile klubben. Samstundes så respekterer eg valet André har tatt.

Styreleiar Ivar Morten Normark seier: -Det står respekt av det André Nevstad har bidrege med over så mange år. Han er framleis ein ung mann og vi ser fram til å forhåpentlegvis nytte oss av hans kompetanse ein gong i framtida.


 

– Han er vel kanskje den som har betydd mest for klubben nokon gong

Hødd-budsjettet er endeleg i mål, men utfordringane står i kø. Tysdag vart det klart at sportssjefen sluttar i klubben.