André Nevstad sluttar i Hødd:

– Eg måtte ta det ansvaret

André Nevstad meiner det er den ansvarlege tingen å gjere. Etter om lag 30 år i Hødd går klubben sin sportslege leiar inn i sine siste månadar i stillinga.

Legende: Nevstad spelte 682 kampar for Hødd og har vore tilsett i klubben i ei årrekkje.  

Sport

Dei siste månadane har Hødd-budsjettet fått mykje spalteplass og vanskane med å få på plass eit budsjett for 2019 har vore tydelege for alle. Måndag kveld kom ein endeleg så langt at budsjettet i all hovudsak er på plass, men det var ikkje det som skapte overskriftene tysdag.