Hentar tre unggutar til Hasundgot

Tre spelarar har meldt overgang frå Hødd til Hasundgot før 2019-sesongen.

Til Hasundgot: Johannes Meinseth (t.v.) og Stian Pedersen er to av signeringane til Hasundgot i vinter. Foto: Hasundgot IL 

Sport

I helga starta Hasundgot oppkøyringa til 5.-divisjonssesongen og under årets første trening hadde klubben på plass nokre nye spelarar. På klubben si nettside skriv Hasundgot at dei har signert tre unggutar frå Hødd.

Jonas Våge Overå er tilbake i moderklubben Hasundgot etter å ha spelt G16, G19 og 6.-divisjonsfotball i Hødd dei tre siste sesongane.

I tillegg har Hasundgot henta både Johannes Meinseth og Stian Pedersen.

«Alle spelarane er framleis i junioralder, som gjer at dei både kan bidra på juniorlaget og kjempe om ein plass i startoppstillinga til herrelaget», skriv klubben på sine nettsider, der dei også ymtar frampå om at det kan kome fleire signeringar den komande tida.