"Mesternes Mester"-aktuelle Ole Martin Årst om cupfinaletapet:

- Den kjipaste kampen eg nokosinne har vore med på å spele

Det seier den tidlegare fotballproffen om det største nederlaget i hans karriere, Tromsø sitt tap mot Hødd i cupfinalen i 2012.

Slik såg straffa til Ole Martin Årst ut frå tribuneplass, under cupfinalen mellom Tromsø og Hødd i 2012. Årst banka ballen i mål bak tidlegare Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland, men fleire av lagkameratane bomma. Då Andreas Brune Rekdal scora på den avgjerande straffa kunne Hødd juble for eit historisk cupgull, medan Årst og Tromsø vende heim i sorg.  Foto: Arkiv/Leiv Arne Grimstad.

Sport

I eit intervju med Dagbladet (ekstern lenkje) publisert onsdag, fortel den tidlegare fotballprofilen Ole Martin Årst om den tyngste opplevinga i hans lange karriere på toppnivå.

- Eg hadde sett føre meg scenarioet: Vi var kjempefavorittar, hadde vore på «Lindmo» dagen i førevegen, og eg skulle forhåpentlegvis avslutte karrieren med siger i ein cupfinale. Alt var perfekt regissert. Så enda det med å bli den kjipaste kampen eg nokosinne har vore med på å spele, seier Årst til avisa.

Fotballpensjonisten er aktuell som deltakar i det populære NRK-programmet "Mesternes Mester" for tida. Og den tyngste augneblinken i hans 20 år lange karriere på toppnivå var altså tapet for oskeladden Hødd i sjølvaste cupfinalen.

Årst, opphavleg flaska opp i Skarp, blei først Tromsø-spelar i 1995. Han var med på å vinne NM-gull med laget året etter dette. To år seinare gjekk han til belgisk fotball, der hans neste klubb var Anderlecht. Han var seinare i både Gent og Standard Liége før han returnerte til Norge. Først "heime" i Tromsø igjen, før han tok nokre år i Start. Men mot slutten av karrieren returnerte han altså til Tromsø igjen, der han signerte ein eittårskontrakt - som blei hans siste før han la opp.

- Sit framleis i

Framfor eit fullsett Ullevaal invadert av sunnmøringar, måtte det ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse til for å kåre ein vinnar. Årst sette si straffe kontrollert i mål, men det hjelpte ikkje mykje når det var lagkameratar som ikkje klarte å overliste tidlegare Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland. Til slutt hadde larsnesingen Andreas Brune Rekdal matchball, og banka ballen kontant i mål.

I Dagbladet-artikkelen blir det sviande cupfinaletapet mellom anna illustrert med avisa Nordlys si heilsvarte forside frå dagen etter. Ein ærleg tidlegare storscorar fortel at tapet framleis er vanskeleg å snakke om.

- Det tapet sit framleis i. Det var, og er framleis, eit veldig sårt punkt for alle tromsøværingar, seier han til Dagbladet.