– Det har vore tøft

Oddmund Davik Otterlei har sagt opp jobben som dagleg leiar i Hødd, same veke som sportssjefen også kunngjorde at han sluttar.

Oddmund Davik Otterlei har bestemt seg for å slutte i Hødd og har takka ja til jobben som rektor ved ein skule i Haram.  

Sport

Det skjer mykje på Høddvoll den første tida etter nyttår, men så langt lite med positivt forteikn. Tidlegare i veka vart det klart at André Nevstad har sagt opp som sportssjef og fredag kom nyheita om at også Oddmund Davik Otterlei er ferdig i klubben når hans oppseiingstid er ute. Han har no fått seg jobb som rektor ved ein skule i heimkommunen Haram. Det vart styret i klubben orientert om torsdag.