Styreleiar Ivar Morten Normark om avgangen til Oddmund Otterlei:

- Ingen samanheng mellom dei to endringane i toppleiinga

Styreleiaren i IL Hødd Fotball, Ivar Morten Normark, skjønar godt at Oddmund Otterlei ønskjer seg tilbake til skuleverket, men han og resten av styret får samstundes godt med arbeid for å setje saman ei ny leiargruppe.

Styreleiar i IL Hødd Fotball, Ivar Morten Normark.  Foto: Arkiv.

Sport

For få dagar sidan slutta klubblegenda André Nevstad som sportssjef, og forlét med det klubben han har vore i gjennom 30 år. No følgjer dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei etter, og har takka ja til ei rektorstilling ved ein skule i heimkommunen Haram. Med det er to av dei som utgjorde toppleiinga i IL Hødd Fotball på veg vekk frå Høddvoll.