Også den daglege leiaren gir seg i Hødd

Få dagar etter at det vart klart at André Nevstad sluttar som sportssjef går også Oddmund Davik Otterlei ut av klubben.

Oddmund Davik Otterlei har bestemt seg for å takke ja til stillinga som rektor ved ein skule i Haram, og sluttar difor som dagleg leiar i Hødd.   Foto: Linda Eikrem

Sport

I ei pressemelding frå Hødd går det fram at Davik Otterlei har takka ja til stillinga som rektor ved ein skule i Haram. Difor sluttar han i Hødd.

-Eg vil takke alle som er glade i Hødd for samarbeidet. Spesielle dei tilsette som står på døgnet rundt for å leggje til rette for god aktivitet blir det vanskeleg å reise frå. Men eg må også få takke styret, aktive, foreldre og supporterar som alle bidreg med stort engasjement og mykje kunnskap. Eg har i løpet av tida blitt oppriktig glad i Hødd. Såleis var det svært vanskeleg å ta valet om å gå tilbake til skuleverket, seier Oddmund Davik Otterlei i pressemeldinga.

Det er i underkant av halvanna år sidan Davik Otterlei tok til i stillinga som dagleg leiar i Hødd. Frå sommaren og til nyttår har han, saman med to andre i administrasjonen vore permitterte 50 prosent, men frå nyttår var alle tre tilbake i full stilling. Tidlegare i veka sa Davik Otterlei til Vikebladet Vestposten at han såg føre seg å bli verande i Hødd, men fredag er det klart at han har funne seg ny jobb.

Styreleiar Ivar Morten Normark seier: – Klubben takkar Oddmund for å ha investert mykje på kort tid i Hødd og han vil med sitt gode humør og engasjement bli sakna.