Handball

Knipen siger for Hareid

Hareid kunne gle seg over ein knipen siger mot Træff2 laurdag.  Foto: Arkivfoto/Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Det vart ein knipen siger for Hareid då damelaget møtte moldelaget Træff 2 til årests første kamp i Rekneshallen laurdag.

Spelarane i Træff greidde å halde hareidsdamene på ein armlengdes avstand gjennom den første omgangen. Berre ein gong, på stillinga 8-8, greidde Hareid å kome opp på sida av Træff 2.

Moldingane kunne gå i garderoben ved pause på stillinga 11-10.

Også andre omgang starta med at Træff fekk den første scoringa. Moldingane låg i leiinga halve andre omgang, før Iselin Stenersen Klungsøyr fekk inn eit mål og stillinga vart uavgjort med 16-16.

Træff avanserte til 17-16, men etter fire hareidsmål på rad, to av June Bergseth og to av Maria Juul Hansen, hadde Hareid gått solid opp i leiing.

Træff greidde aldri å få att overtaket og etter at Maria Juul Hansen sette inn det avgjerande målet kunne Hareid reise glade tilbake til Hareid med resultatet 20-21.