Hødd møtte Valder

Sikra sigeren så vidt

Sport

Hødd sine handballdamer berga så vidt sigeren då dei møtte Valder i Giskehallen søndag.

Hødd tok kontrollen frå start og fekk inn fem mål i løpet av dei 10 første speleminutta utan at Valder greidde å svare. Høddamene greidde å halde avstanden på fire-fem mål gjennom heile første omgang og kunne gå til pause på stillinga 10 -14.

Hødd greidde å halde målavstanden første halvdelen av andre omgang, men så tok Valder til å ta innpå. Etter fire strake Valder-scoringar hadde stillinga brått gått frå 14-18 til 18-18. Valder pusta Hødd i nakken i store parti av siste halvdel av andreomgangen og fleire gonger låg dei to laga likt. I 30 sekund var Valder også i leiinga med eitt mål, men Hødd reduserte kjapt til 21-21. 

Mot slutten greidde likevel Hødd å rykke i frå og eitt minutt før kampslutt var stillinga 22-24. I det siste speleminuttet fekk Valder inn ei scoring, men det heldt ikkje og Hødd vann med knappast mogleg margin, 23-24.