Får prøve seg mot internasjonal motstand

Tre Dimna-jenter er med i sterkt lengdefelt under ”Karsten Warholm International”.

Både Johanne Rise Kvalen (biletet), Anna Garnes Kleven og Caroline Amalie Sætre skal delta under "Karsten Warholm International" i Ulsteinhallen.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Norges Friidrettsforbund presenterte måndag morgon lengdefelta for kvinner og menn til ”Karsten Warholm International”.

I herreklassen kan publikum mellom anna gle seg til å sjå bronsevinnaren frå EM i Berlin, ukrainske Serhij Nykyforov med ein personleg rekord på 8,23 meter. Han skal mellom anna konkurrere mot dei norske utøvarane Ingar Kiplesund, Amund Høie Sjursen, Henrik Flåtnes og Brede Solberg Stølen.

I kvinneklassen skal også nokre av Dimna IL sine utøvarar få prøve seg og det mot solid internasjonal motstand. Johanne Rise Kvalen, Caroline Amalie Sætre og Anna Garnes Kleven skal alle konkurrere mot serbiske Milica Gardasevic, som vann junior-EM gull i 2017. Ho har sterkaste ”persen” i feltet med 6,64, men det er svenske Malin Malmbrandt som har hoppa lengst innandørs med 6,33.

Lengde herreklasse:

Name

Nation

Born

         PB

PB indoor

Serhiy Nykyforov

UKR

1994

8,23

7,96

Andreas Otterling

SWE

1986

8,06

8,12

Ingar Kiplesund

NOR

1996

7,76

7,57

Amund Høie Sjursen

NOR

1996

7,64

7,52

Henrik Flåtnes

NOR

2001

7,50

7,21

Brede Solberg Stølen

NOR

1993

7,21

6,60


Lengde kvinneklasse:

Name

Nation

Born

PB

PB indoor

Milica Gardasevic

SRB

1998

6,64

6,30

Malin Marmbrandt

SWE

1985

6,52

6,33

Anastasia Nguyen

HUN

1993

6,43

6,26

Kristina Reppe

NOR

2000

6,07

5,51

Mia Guldteig Lien

NOR

2003

5,94

5,55

Johanne Rise Kvalen

NOR

2000

5,69

5,57

Caroline Amalie Sætre

NOR

2001

5,59

5,46

Anna Garnes Kleven

NOR

2002

5,36

5,27